Foto: Foto: Eline Kirkebø/Firda
Ordføraren hengde opp sitt bidrag på «tryggleiksnettet» ved Rådhuset.

Trass grått og surt vêr i Førde laurdag hadde mange, både små og store, tatt turen til Rådhusplassen for å vere med på markeringa av «Eg er her-dagen». Som del av den nasjonale Redd Barna-kampanjen «Jeg er her» er Førde valt ut til ein av ti kampanjebyar som skal fronte bodskapen ekstra. Målet for kampanjen er å nå ut til folk flest med bodskapen om at seksuelle overgrep skjer oftare, nærare og er meir skadeleg enn folk trur.

Ordførar bidro med hjarte

Ordførar Olve Grotle innleia arrangementet med klinkande klar tale til borna: Alle har rett på ein trygg og god barndom.

– I dag er det viktig å seie at alle barn og unge har rett på noko som gjeld seg sjølv. Og det er å kunne bestemme over sin eigen kropp. Ingen, ingen i heile verda har derfor rett til å vere for nærgåande, innpåslitne eller plage born og unge. Alle, alle vaksne må respektere at born eig sin eigen kropp, og ingen, ingen har lov til å gjere noko med born sine kroppar som er vondt og vanskeleg, sa Grotle til forsamlinga.

– Aldri, aldri born si skuld

Han la vidare vekt på at born har rett til å seie ifrå om det skjer overgrep, og at dei kan gjere det til familie, lærarar, helsesøster eller til og med til ordføraren sjølv.

– Ingen, ingen born skal tru at dei må halde slike overgrep hemmelege, og viss nokon seier at slike ting skal vere hemmeleg, treng ikkje born å bry seg om det. Det er alltid, alltid den vaksne som har ansvaret og skulda. Det er aldri, aldri born eller unge sin feil dersom dei blir utsett for slike overgrep, sa ordføraren før han hengde opp sitt eige hjarte på «tryggleiksnettet» som er laga til ved Rådhuset. På det stod det «Alle born skal ha det godt i Førde».

Foto: Foto: Eline Kirkebø/Firda
Raudruss Emilie Sunde gjekk inn i oppgåva med å ta borna med på rebusløp med stort engasjement.

Ivrig og engasjert russ

Også russen var aktive bidragsytarar under arrangementet. I tillegg til å opptre med song og å vere eit udiskutabelt trekkplaster for mange av dei frammøtte borna, hadde dei i samarbeid med Senter for Incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane (SMISO), laga til eit rebusløp for borna.

– Dette er eit veldig viktig tema og det er viktig for russen å vise at vi støttar opp om det, seier russepresident for Hafstadrussen, Ruben Skrede.

Saman med medrussen gjekk dei ivrig til verks med å organisere, engasjere og ta vare på dei små gjennom rebusløpet.

– Det er viktig for oss å vise at russen ikkje berre driver med festing og tull, men at vi er med på gode arrangement og, seier raudruss Ingrid Mjøs.

Viktig tema for russen

Ho og medrussen synest det er kjekt å bli spurde om å delta på slike arrangement, særleg når det gjeld tema dei sjølve synest er veldig viktige.

– Overgrep er eit viktig tema for russen. I tillegg til å vere med på denne kampanjen er vi med på «Nei er nei»-kampanjen fortel Emilie Sunde medan jentene viser fram kampanjelappar som allereie er festa på russebuksene.

– Det er viktig at ein er meir opne om overgrep og gjer det lettare å snakke om slik at folk torer å stå fram, fastslår Sunde før ho tek med seg ein gjeng med ivrige born ut i rebusløypa der ho kan avsløre av løysingsordet er «Eg er her».

– Men hysj, det veit ikkje ungane endå, seier ho med eit smil.