Foto: Peirik
Frank Kjosås gjev sin stemme til ein 41 år gammel mann som har vore utsett for overgrep av sin bror i barndommen.

Skodespelar Frank Kjosås (33) har ein heseblesande vår med ikkje mindre enn fire forestillingar gåande parallelt på Det norske Teatret. Mange kjenner han òg frå NRK-seriar som «Halvbroren», der han spelte hovudrolla, og «Kampen om tungtvannet».

Likevel nølte han ikkje då han vart spurt om å spela inn ein film til Redd Barnas kampanje mot seksuelle overgrep. Her gir han stemma si til ein mann som har vore utsett for overgrep.

Vil gje trøyst

- Det er slikt som dette eg har lyst til å gjera. Eg får mange forespørslar, ikkje minst frå reklamebransjen, men seier nei til det aller meste. Men Redd Barna er det lett å seia ja til, særleg når det gjeld ei kampanje med ein så viktig bodskap som denne. Det går rett inn i essensen av det eg håpar å få til når eg står på scena eller er i TV-ruta, seier Frank.

- Dette må du forklare.

Frank fortset,

- Eg har eit håp om å få visa noko som kan trøysta dei blant publikum som har vore utsett for overgrep eller sjølvmord eller andre vonde ting i livet sitt. I den kalde og resultatorienterte verda vi lever i i dag, vil eg gjerne presentera eit alternativ. Det handlar om å våga å vera medmenneske, meir enn å berre sørgja for seg sjølv.

Bror var overgripar

Frank Kjosås gjev i filmen stemme til ein mann som i barndomen er blitt utsett for overgrep av sin eigen bror. Han spelar med så stor overtyding og innleving at tilskodarane nesten kvepp når han i den siste setninga fortel at det ikkje er hans historie han gir stemme til, men ein annans. Kvifor går han inn i denne triste historia med så mykje kjensler?

- Eg har lyst til å knusa tabuane. Det kan vi gjera ved å få dei fram i lyset, svarar spodespelaren. - Som eit «kjent fjes» har eg muligheit til å gjera ein forskjell – og det vil eg gjerne gjera. Kan det hjelpa berre ein eller to eller kanskje fem, er det vel verd innsatsen. Eg vil fortelja at dei ikkje er åleine, at det dei har opplevd ikkje er noko dei treng å skamma seg over og at det ikkje er deira feil. Eg vil gje dei mot til å fortelja si historie.

Foto: Peirik
Frank Kjosås seier han vil være med og knusa tabuane rundt seksuelle overgrep mot barn.

Den kjende overgriparen

Vi blir gjerne åtvara mot den farlege mannen som hoppar fram frå ein mørk krok: den ukjende seksualforbrytaren. Men dei fleste overgriparar er slett ikkje slik. Dei kan vera ein i familien, ein ven eller ein nabo.

Overgriparen i historia som Frank gjev stemme til er ein mindreårig gut, og dessutan storebror til offeret. Kva tenkjer han om det?

- Først og fremst at det mennesket om opplevde desse overgrepa i oppveksten, må ha hatt det ekstremt slitsomt og forvirrande, og at overgrepa må ha vore øydeleggjande for heile livet hans. Det verste i historia er kanskje det at mor veit, men ikkje stoppar storebror sine overgrep. Ho lukkar auga. Då sit offeret igjen utan trygge rammer om livet sitt. Historia fortel dessutan om ein normal og tilsynelatande velfungerande familie, i alle fall sett utanfrå. Men overgrep kan skje i alle familiar, og hos dei som er ressurssterke og der alt ser bra ut på utsida.

Fridom

- Vart det snakka om overgrep då du var barn?

Her må Frank Kjosås tenkja seg om. Han vaks opp i hjartet av Hardanger, og her vart nok temaet tatt opp, men mest i form av visking i krokane, hugsar han.

- Vi høyrde jo historiar om ting som skulle ha skjedd med den eine eller den andre. Men det var ikkje særleg klår tale om seksuelle overgrep. På ungdomskulen vart det meir openheit. Bodskapen då var at om ein var utsett for overgrep, skulle ein ta det opp med ein vaksen. Det var jo eit godt steg framover, seier skodespelaren.

- Er åpenheit om overgrep er viktig?

- Ja, både i samfunnet og for kvart enkelt menneske. Dei som vert utsett for overgrep kjenner seg ofte åleine og er redde for å bli støytt ut. Utfordringa mi til dei som har opplevd overgrep eller andre traumatiske hendingar, er å våga å snakka med nokon om det som har skjedd, og kanskje framleis skjer. Med åpenheit kjem fridom. Å fortelja er første steg på veg til å bli fri, seier Frank Kjosås.

10 filmar som fortel

Redd barna lagar ti filmar der ti kjende norske personar gir si stemme til historiene til menneske som har vore utsett for seksuelle overgrep som barn. Margareth Olin, Tobias Santelmann, Marie Blokhus, Heidi Gjermundsen Broch og Frank Kjosås har gitt stemmene sine i dei fem første filmane som vi har spelt inn. No før sommaren spelar vi inn dei fem neste.

Du kan sjå filmane i kampanjen og lesa meir om dei her > 

Sjå og del filmane på Redd Barnas Facebook-side her >