fns berekraftsmål
FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
FNs berekraftsmål
Mål 1: Utrydde fattigdom
Utrydde alle former for fattigdom i heile verda.
1.1 Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom
1.2 Innan 2030 minst halvere prosentdelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar
1.3 Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert
minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare
1.4 Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggjande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering
1.5 Innan 2030 byggje opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstremhendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar
1.a Sikre ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, mellom anna gjennom styrkt utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege middel til å gjennomføre program og politikk for å utrydde alle former for fattigdom
1.b Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom
Mål 2: Utrydde sult
Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk.
2.1 Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året
2.2 Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar
2.3 Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket
2.4 Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gjev auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord
2.5 Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje
2.a Mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid auke investeringane i infrastruktur på landsbygda, i forsking og rettleiingstenester innanfor landbruket, i teknologiutvikling og i genbankar for planter og husdyr, med sikte på å forbetre produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa
2.b Korrigere og hindre handelsrestriksjonar og vridingar på landbruksmarknadene i verda, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og alle eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden
2.c Vedta tiltak for å sikre at råvare- og derivatmarknadene for matvarer fungerer godt og leggje til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å avgrense ekstreme svingingar i matvareprisaneUtrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk
Mål 3: God helse og livskvalitet
Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder.
3.1 Innan 2030 redusere mødredøyinga i verda til under 70 per 100 000 levandefødde
3.2 Innan 2030 få slutt på dødsfall som kan forhindrast blant nyfødde og barn under fem år, med eit felles mål for alle land om å redusere døyinga blant nyfødde til høgst 12 per 1000 levandefødde og til høgst 25 per 1000 levandefødde blant barn under fem år
3.3 Innan 2030 stanse epidemiane av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sjukdommar, og motverke hepatitt, vassborne sjukdommar og andre smittsame sjukdommar
3.4 Innan 2030 redusere prematur døying av ikkje-smittsame sjukdommar med ein tredel gjennom førebygging og behandling, og fremje mental helse og livskvalitet
3.5 Styrkje førebygging og behandling av rusmiddelmisbruk, mellom anna misbruk av narkotiske stoff og skadeleg bruk av alkohol
3.6 Innan 2020 halvere talet på dødsfall og skadar i verda som skriv seg frå trafikkulykker
3.7 Innan 2030 sikre allmenn tilgang til tenester som er knytte til seksuell og reproduktiv helse, inkludert familieplanlegging og tilhøyrande informasjon og opplæring, og sikre at reproduktiv helse blir innarbeidd i nasjonale strategiar og program
3.8 Oppnå allmenn dekning av helsetenester, inkludert ordningar som vernar mot
økonomiske konsekvensar, og allmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og trygge, verksame og nødvendige medisinar og vaksinar av god kvalitet og til ein overkomeleg pris
3.9 Innan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg
3.a Styrkje gjennomføringa av rammekonvensjonen frå Verdshelseorganisasjonen om førebygging av tobakksskadar i alle land
3.b Støtte forsking på – og utvikling av – vaksinar og medisinar mot smittsame og ikkjesmittsame sjukdommar som primært rammar utviklingsland, sørgje for tilgang til nødvendige medisinar og vaksinar til ein overkomeleg pris, i samsvar med Doha-erklæringa om TRIPSavtalen og folkehelse, som stadfestar at utviklingslanda har rett til fullt ut å nytte føresegnene om høvet til å verne om folkehelsa og særleg sørgje for tilgang til medisinar til alle, i avtalen om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar
3.c Oppnå ein vesentleg auke i finansieringa av helsetenester og rekruttering, utvikling og opplæring av helsepersonell i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, og arbeide for at slikt personell blir verande i landa
3.d Styrkje kapasiteten i alle land, særleg i utviklingsland, for tidlegvarsling, risikoredusering og handtering av nasjonale og globale helserisikoar
Mål 4: God utdanning
Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.
4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbyte
4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen
4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, inkludert universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris
4.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på unge og vaksne som har kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap
4.5) Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar
4.6) Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne
4.7) Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling
4.a) Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle
4.b) Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land
4.c) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar
Mål 5: Likestilling mellom kjønna
Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet.
5.1) Få slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda
5.2) Avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner i både offentleg og privat sfære, inkludert menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting
5.3) Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap, og kjønnslemlesting
5.4) Anerkjenne og verdsetje ubetalt omsorgs- og hushaldsarbeid gjennom offentlege tenester, infrastruktur og sosialpolitikk, og fremje delt ansvar i hushaldet og familien, alt etter kva som passar i kvart enkelt land
5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet
5.6) Sikre tilgang til god seksuell og reproduktiv helse og reproduktive rettar for alle, i samsvar med handlingsprogrammet frå den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling, handlingsplanen frå Beijing og sluttdokumenta frå dei respektive tilsynskonferansane
5.a) Setje i verk reformer for å gje kvinner lik rett til økonomiske ressursar, moglegheit til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og tilgang til finansielle tenester, arv og naturressursar, i samsvar med nasjonal lovgjeving
5.b) Styrkje bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og
kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner i samfunnet
5.c) Vedta og styrkje god politikk og vedta gjennomførleg lovgjeving for å fremje likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner på alle nivå i samfunnet
Mål 6: Reint vatn og gode sanitærforhold
Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle.
6.1) Innan 2030 sørgje for likeverdig tilgang til trygt drikkevatn til ein overkomeleg pris for alle
6.2) Innan 2030 sørgje for tilgang til tilstrekkelege og likeverdige sanitær-, hygiene- og toalettforhold for alle, med særleg vekt på behova til jenter og kvinner og personar i utsette situasjonar
6.3) Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe
avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis
6.4) Innan 2030 vesentleg betre utnyttinga av vatn i alle sektorar og sikre berekraftig uttak av og tilgang til ferskvatn for å bøte på vassmangel og i vesentleg grad redusere talet på personar som blir ramma av vassmangel
6.5) Innan 2030 innføre integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå, mellom anna gjennom samarbeid over landegrensene der det er aktuelt
6.6) Innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar
6.a) Innan 2030 utvide det internasjonale samarbeidet og støtta til å byggje opp kapasitet i utviklingsland innanfor verksemd og program som er knytte til vass- og sanitærforhold, mellom anna teknologi for vassoppsamling, avsalting, effektiv bruk av vassressursar, behandling av avløpsvatn, gjenvinning og ombruk
6.b) Støtte og styrkje medverknad frå lokalsamfunn for å betre forvaltninga av vass- og sanitærforhold
Mål 7: Rein energi til alle
Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris.
7.1) Innan 2030 sikre allmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkomeleg pris
7.2) Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg
7.3) Innan 2030 få forbetringa av energieffektivitet på verdsbasis til å gå dobbelt så fort
7.a) Innan 2030 styrkje det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, inkludert fornybar energi, energieffektivisering og avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og fremje investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi
7.b) Innan 2030 byggje ut infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggjarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med dei respektive støtteprogramma i landa
Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og
anstendig arbeid for alle.
8.1) Halde oppe ein økonomisk vekst per innbyggjar som er i samsvar med forholda i dei respektive landa, og spesielt ein vekst i bruttonasjonalproduktet på minst 7 prosent per år i dei minst utvikla landa
8.2) Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar
8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester
8.4) Fram mot 2030 stadig forbetre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar, i samsvar med det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, der dei utvikla landa går føre
8.5) Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid
8.6) Innan 2020 redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring, vesentleg
8.7) Setje i verk omgåande og effektive tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, få slutt på moderne slaveri og menneskehandel og sikre at dei verste formene for barnearbeid – inkludert rekruttering og bruk av barnesoldatar – blir forbodne og avskaffa, og innan 2025 avskaffe alle former for barnearbeid
8.8) Verne om arbeidarrettar og fremje eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i eit usikkert arbeidsforhold
8.9) Innan 2030 utarbeide og setje i verk politikk for å fremje ei berekraftig turistnæring som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt
8.10) Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å utvide tilgangen til og stimulere til bruk av bank- og forsikringstenester og finansielle tenester for alle
8.a) Auke støtta til handelsretta bistand («Aid for Trade») til utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, mellom anna gjennom det styrkte, integrerte rammeverket for handelsrelatert fagleg bistand til dei minst utvikla landa (EIF)
8.b) Innan 2020 utvikle og setje i verk ein global strategi for sysselsetjing av ungdom og innføre «The Global Jobs Pact», som er utvikla i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO)
Mål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur
Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.
9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
9.2) Fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og næringsutvikling, og innan 2030 auke industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt vesentleg, i tråd med forholda i dei respektive landa, og doble industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt i dei minst utvikla landa
9.3) Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader
9.4) Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet
9.5) Styrkje vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggjarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling
9.a) Leggje til rette for berekraftig utvikling av infrastrukturen i utviklingsland ved å auke den finansielle, teknologiske og faglige bistanden til afrikanske land, dei minst utvikla landa, kystlause utviklingsland og små utviklingsøystatar
9.b) Støtte nasjonal utvikling av teknologi, forsking og innovasjon i utviklingsland, mellom anna ved å sikre politiske rammevilkår som fremjar mangfald i næringslivet og gjev handelsvarer ein meirverdi
9.c) Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020
Mål 10: Mindre ulikskap
Redusere ulikskap i og mellom land.
10.1) Innan 2030 oppnå ein gardvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga som er raskare enn auken for det nasjonale gjennomsnittet
10.2) Innan 2030 sikre myndiggjering og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status
10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet
10.4) Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader
10.5) Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket
10.6) Sikre at utviklingslanda blir betre representerte og får større grad av medråderett i avgjerdsprosessane i globale finansinstitusjonar, slik at institusjonane fungerer betre og blir meir pålitelege, ansvarlege og legitime
10.7) Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, mellom anna ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk
10.a) Gjennomføre prinsippet om særbehandling og differensiert behandling av
utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, i samsvar med avtalar som er inngått med Verdshandelsorganisasjonen
10.b) Stimulere til offentleg utviklingsbistand og kapitalflyt, mellom anna direkte utanlandske investeringar, til statane der behovet er størst, særleg dei minst utvikla landa, afrikanske land, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med planane og programma til landa sjølve
10.c) Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent
Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige.
11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og
grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde
11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre
11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land
11.4) Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda
11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar
11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi
11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom
11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar
11.b) Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030
11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte
Mål 12: Ansvarlig forbruk og produksjon
Sikre bærekraftig forbruks- og produksjonsmønstre.
12.1 Gjennomføre det tiårige handlingsprogrammet for bærekraftig forbruk og produksjon, med deltakelse fra alle land og der de utviklede landene går foran, samtidig som det tas hensyn til utviklingslandenes utviklingsnivå og muligheter
12.2 Innen 2030 oppnå en bærekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressurser
12.3 Innen 2030 halvere andelen matsvinn per innbygger på verdensbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukere, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeden, herunder svinn etter innhøsting
12.4 Innen 2020, og i samsvar med internasjonalt vedtatte rammeverk, oppnå en mer miljøvennlig forvaltning av kjemikalier og alle former for avfall gjennom hele deres livssyklus, og betydelig redusere utslipp av kjemikalier og avfall til luft, vann og jord for mest mulig å begrense skadevirkningene for menneskers helse og for miljøet
12.5 Innen 2030 betydelig redusere avfallsmengden gjennom forbud, reduksjon, gjenvinning og ombruk
12.6 Stimulere selskaper, særlig store og flernasjonale selskaper, til å innføre bærekraftige arbeidsmetoder og integrere informasjon om bærekraft i sine rapporteringsrutiner
12.7 Fremme bærekraftige ordninger for offentlige anskaffelser, i samsvar med de enkelte landenes politikk og prioriteringer
12.8 Innen 2030 sikre at alle i hele verden har relevant informasjon om og er seg bevisst en bærekraftig utvikling og en livsstil som er i harmoni med naturen
12.a Støtte utviklingslandene i arbeidet med å styrke deres vitenskapelige og tekniske kapasitet til gradvis å innføre mer bærekraftige forbruks- og produksjonsmønstre
12.b Utvikle og innføre metoder for å overvåke konsekvensene av en bærekraftig utvikling på en turistnæring som er bærekraftig, skaper arbeidsplasser og fremmer lokal kultur og lokale produkter
12.c Redusere ineffektive subsidier til fossilt brensel ved å fjerne markedsvridninger som oppmuntrer til overforbruk, i samsvar med forholdene i de enkelte land, herunder ved å legge om skatter og avgifter og avvikle skadelige subsidier der de finnes, slik at konsekvensene for miljøet avdekkes, samtidig som det tas fullt ut hensyn til utviklingslandenes særlige behov og situasjon og eventuelle skadelige konsekvenser for deres utvikling begrenses mest mulig og på en måte som beskytter de fattige og de berørte lokalsamfunnene
Mål 13: Stoppe klimaendringene
Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringene og konsekvensene av dem. Målet er å begrense den globale temperaturstigningen til godt under 2 grader celsius.
13.1 Styrke evnen til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farer og naturkatastrofer i alle land
13.2 Innarbeide tiltak mot klimaendringer i politikk, strategier og planlegging på nasjonalt nivå
13.3 Styrke enkeltpersoners og institusjoners evne til å motvirke, tilpasse seg og redusere konsekvensene av klimaendringer og deres evne til tidlig varsling, samt styrke kunnskapen og bevisstgjøringen om dette
13.a Gjennomføre forpliktelsene som de utviklede landene som er part i FNs rammekonvensjon om klimaendring, har påtatt seg for å nå målet om i fellesskap og innen 2020 å skaffe 100 milliarder dollar per år fra alle kilder for å møte utviklingslandenes behov for å innføre hensiktsmessige klimatiltak og gjennomføre dem på en åpen måte, og fullt ut å operasjonalisere Det grønne klimafondet ved at fondet snarest mulig tilføres kapital
13.b Fremme ordninger for å styrke evnen til effektiv planlegging og forvaltning knyttet til klimaendringer i de minst utviklede landene og små utviklingsøystater, blant annet med vekt på kvinner og ungdom samt lokale og marginaliserte samfunn
* I erkjennelsen av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigste internasjonale og mellomstatlige forumet for forhandlinger om globale tiltak mot klimaendringer.
Mål 14: Livet i havet
Bevare og bruke havet og de marine ressursene på en måte som fremmer bærekraftig utvikling.
14.1 Innen 2025 forhindre og i betydelig grad redusere alle former for havforurensning, særlig fra landbasert virksomhet, herunder forurensning forårsaket av marin forsøpling og næringsstoffer
14.2 Innen 2020 forvalte og verne økosystemene i havet og langs kysten på en bærekraftig måte for å unngå omfattende skadevirkninger, blant annet ved å styrke systemenes motstandsevne og iverksette gjenopprettende tiltak for å gjøre havene sunne og produktive
14.3 Mest mulig begrense og håndtere konsekvensene av havforsuring, blant annet gjennom økt vitenskapelig samarbeid på alle nivåer
14.4 Innen 2020 innføre effektive tiltak for å regulere høsting og få slutt på overfiske, ulovlig, urapportert og uregulert fiske samt ødeleggende fiskemetoder, og iverksette vitenskapelig baserte forvaltningsplaner for at fiskebestandene snarest mulig kan gjenopprettes minst til et nivå som kan gi best mulig bærekraftig avkastning ut fra bestandenes biologiske særtrekk
14.5 Innen 2020 bevare minst ti prosent av kyst- og havområdene, i samsvar med nasjonal rett og folkeretten og på grunnlag av den beste vitenskapelige kunnskapen som er tilgjengelig
14.6 Innen 2020 forby visse former for fiskerisubsidier som bidrar til overkapasitet og overfiske, avskaffe subsidier som bidrar til ulovlig, urapportert og uregulert fiske samt unngå å innføre nye tilsvarende subsidier, og samtidig erkjenne at en hensiktsmessig og effektiv særbehandling og differensiert behandling av utviklingslandene og de minst utviklede landene bør være en integrert del av Verdens handelsorganisasjons forhandlinger om fiskerisubsidier
14.7 Innen 2030 øke de økonomiske fordelene for små utviklingsøystater og de minst utviklede landene som følge av en bærekraftig bruk av marine ressurser, blant annet gjennom bærekraftig forvaltning av fiskerier, akvakultur og turistnæringen
14.a Styrke vitenskapelig kunnskap, bygge opp forskningskapasitet og overføre marin teknologi, og samtidig ta hensyn til kriterier og retningslinjer fra Den mellomstatlige oseanografiske kommisjon for overføring av marin teknologi, med sikte på å bedre tilstanden i havet og øke det marine artsmangfoldets bidrag til utviklingen i utviklingslandene, særlig i små utviklingsøystater og de minst utviklede landene
14.b Gi fiskere som driver småskala fiske med enkle redskaper, tilgang til marine ressurser og markeder
14.c Øke bevaringen og en bærekraftige bruk av havene og havressursene ved å gjennomføre folkerettslige bestemmelser slik de er nedfelt i FNs havrettskonvensjon, som utgjør rettsgrunnlaget for bevaring og bærekraftig bruk av havet og havressursene, slik det også framgår av punkt 158 i FN-rapporten «The Future We Want»
Mål 15: Livet på land
Beskytte, gjenopprette og fremme bærekraftig bruk av økosystemer, sikre bærekraftig skogforvaltning, bekjempe ørkenspredning, stanse og reversere landforringelse samt stanse tap av artsmangfold.
15.1 Innen 2020 sikre bevaring, gjenoppretting og bærekraftig bruk av ferskvannsbaserte økosystemer og tjenester som benytter seg av disse økosystemene, på land og i innlandsområder, særlig skoger, våtmarker, fjell og tørre områder, i samsvar med forpliktelser i henhold til internasjonale avtaler
15.2 Innen 2020 fremme gjennomføring av en bærekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, gjenopprette forringede skoger og i betydelig grad øke skoggjenreising og nyplanting på globalt nivå
15.3 Innen 2030 bekjempe forørkning, gjenopprette forringet land og matjord, herunder landområder som er rammet av forørkning, tørke og oversvømmelser, og arbeide for en verden uten landforringelse
15.4 Innen 2030 sikre bevaring av økosystemer i fjellområder, herunder deres biologiske mangfold, slik at de skal bli bedre i stand til å yte viktige bidrag til en bærekraftig utvikling
15.5 Iverksette umiddelbare og omfattende tiltak for å redusere ødeleggelsen av habitater, stanse tap av biologisk mangfold og innen 2020 verne truede arter og forhindre at de dør ut
15.6 Fremme en rettferdig og likelig deling av fordelene knyttet til bruk av genressurser, og fremme en formålstjenlig tilgang til slike ressurser i tråd med internasjonale avtaler
15.7 Treffe umiddelbare tiltak for å stanse krypskyting og ulovlig handel med vernede plante- og dyrearter og håndtere både tilbuds- og etterspørselssiden ved handelen med ulovlige produkter fra viltlevende dyr
15.8 Innen 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spredning av fremmede arter og for i betydelig grad å redusere fremmede arters påvirkning på land- og vannbaserte økosystemer, samt kontrollere eller utrydde prioriterte miljøfremmede arter
15.9 Innen 2020 innarbeide prinsipper om økosystemer og biologisk mangfold i nasjonale og lokale planleggings- og utviklingsprosesser, strategier for fattigdomsreduksjon samt regnskaper
15.a Skaffe til veie og oppnå en betydelig økning i finansielle ressurser fra alle kilder med sikte på bevaring og bærekraftig bruk av biologisk mangfold og økosystemer
15.b Skaffe til veie betydelige ressurser fra alle kilder og på alle nivåer for å finansiere en bærekraftig skogforvaltning, og sørge for virkemidler egnet til å fremme slik forvaltning i utviklingslandene, blant annet for bevaring og nyplanting av skog
15.c Øke den globale støtten til tiltak for å bekjempe krypskyting og ulovlig handel med vernede arter, blant annet ved å styrke lokalsamfunnenes evne til å benytte de muligheter som finnes for å opprettholde et bærekraftig livsgrunnlag
Mål 16: Fred, rettferdighet og velfungerende institusjoner
Fremme fredelige og inkluderende samfunn for å sikre bærekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle, og bygge velfungerende, ansvarlige og inkluderende institusjoner på alle nivåer.
16.1 Oppnå en betydelig reduksjon i alle former for vold og andelen voldsrelaterte dødsfall i hele verden
16.2 Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vold mot og tortur av barn
16.3 Fremme rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre lik tilgang til rettsvern for alle
16.4 Innen 2030 oppnå en betydelig reduksjon av ulovlige finans- og våpenstrømmer, gjøre det enklere å spore opp og returnere stjålne eiendeler samt bekjempe alle former for organisert kriminalitet
16.5 Oppnå en betydelig reduksjon i alle former for korrupsjon og bestikkelser
16.6 Utvikle velfungerende, ansvarlige og åpne institusjoner på alle nivåer
16.7 Sikre lydhøre, inkluderende, medbestemmende og representative beslutningsprosesser på alle nivåer
16.8 Utvide og styrke utviklingslandenes deltakelse i institusjoner for global styring
16.9 Innen 2030 sikre juridisk identitet for alle, herunder fødselsregistrering
16.10 Sikre allmenn tilgang til informasjon og beskytte grunnleggende friheter, i samsvar med nasjonal lovgivning og internasjonale avtaler
16.a Styrke relevante nasjonale institusjoner, blant annet gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å bygge kapasitet på alle nivåer, og særlig i utviklingsland, for å forebygge vold og bekjempe terrorisme og kriminalitet
16.b Fremme og håndheve ikke-diskriminerende lover og politikk for bærekraftig utvikling
Mål 17: Samarbeid for å nå målene
Styrke virkemidlene som trengs for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnerskap for bærekraftig utvikling.
17.1 Styrke mobiliseringen av nasjonale ressurser, blant annet gjennom internasjonal støtte til utviklingsland, med sikte på å bedre landenes evne til å kreve inn skatter og andre avgifter
17.2 Påse at de utviklede landene fullt ut gjennomfører sine offisielle bistandsforpliktelser (ODA) overfor utviklingslandene, blant annet forpliktelsen som mange av dem har påtatt seg til å gi 0,7 prosent av ODA/BNI i bistand til utviklingsland og 0,15–0,20 prosent av ODA/BNI til de minst utviklede landene; ytere av ODA oppfordres til å vurdere å gi minst 0,20 prosent av ODA/BNI i bistand til de minst utviklede landene
17.3 Mobilisere ytterligere finansielle ressurser til utviklingslandene fra flere kilder
17.4 Bistå utviklingslandene i å oppnå langsiktige og bærekraftige gjeldsvilkår gjennom en samordnet politikk for å fremme gjeldsfinansiering, gjeldslette eller omstrukturering av gjeld, og behandle de fattigste og mest gjeldstyngede landenes utenlandsgjeld på en måte som reduserer gjeldsrelatert nød
17.5 Vedta og gjennomføre investeringsfremmende ordninger for de minst utviklede landene
Teknologi
17.6 Bedre tilgangen til og styrke samarbeidet mellom nord og sør, sør og sør og det triangulære samarbeidet regionalt og internasjonalt om vitenskap, teknologi og innovasjon, og forbedre kunnskapsdelingen på gjensidig avtalte vilkår, blant annet gjennom bedre samordning av eksisterende ordninger, særlig på FN-nivå, og gjennom en global ordning for tilgjengeliggjøring av teknologi
17.7 Fremme utvikling, overføring, spredning og formidling av miljøvennlig teknologi til utviklingsland på fordelaktige vilkår, blant annet på ikke-markedsmessige vilkår eller på vilkår som på annen måte er gunstigere enn det andre land får, etter gjensidige avtaler
17.8 Fullt ut igangsette teknologibanken og ordningen for kapasitetsoppbygging innenfor vitenskap, teknologi og innovasjon for de minst utviklede landene innen 2017, og øke bruken av tilpasset teknologi, særlig informasjons- og kommunikasjonsteknologi
Kapasitetsbygging
17.9 Øke den internasjonale støtten til gjennomføring av en effektiv og målrettet kapasitetsoppbygging i utviklingsland og dermed støtte nasjonale planer for gjennomføring av alle bærekraftsmålene, blant annet gjennom samarbeid mellom nord og sør, sør og sør og triangulært
Handel
17.10 Fremme et allment, regelbasert, åpent, ikke-diskriminerende og likeverdig multilateralt handelssystem underlagt Verdens handelsorganisasjon, blant annet ved å sluttføre forhandlingene under organisasjonens Doha-runde
17.11 Betydelig øke utviklingslandenes eksport, særlig med sikte på å doble de minst utviklede landenes andel av verdens eksport innen 2020
17.12 I praksis gi alle de minst utviklede landene betimelig og varig avgifts- og kvotefri markedsadgang, i samsvar med beslutninger i Verdens handelsorganisasjon, blant annet ved å sikre at det anvendes klare og enkle preferanseopprinnelsesregler på importvarer fra de minst utviklede landene, og bidra til å lette markedsadgangen
Systemiske spørsmål
Politisk og institusjonell samstemthet
17.13 Styrke stabiliteten i verdens makroøkonomi, blant annet gjennom politisk samordning og samstemthet
17.14 Oppnå en mer samstemt politikk for bærekraftig utvikling
17.15 Respektere hvert lands politiske handlingsrom og lederskap med hensyn til å etablere og gjennomføre egen politikk for fattigdomsbekjempelse og bærekraftig utvikling
Partnerskap mellom flere interessenter
17.16 Styrke det globale partnerskapet for bærekraftig utvikling, som følges opp av partnerskap mellom flere interessenter med sikte på å mobilisere og dele kunnskap, ekspertise, teknologi og finansielle ressurser for å bidra til at alle land, særlig utviklingslandene, når bærekraftsmålene
17.17 Stimulere til og fremme velfungerende partnerskap i det offentlige, mellom det offentlige og private og i det sivile samfunn, på grunnlag av partnerskapenes erfaringer og ressursstrategier
Data, overvåkning og ansvarlighet
17.18 Innen 2020 øke støtten til kapasitetsoppbygging i utviklingsland, også i de minst utviklede landene og små utviklingsøystater, for i betydelig grad å bedre tilgangen på pålitelige og aktuelle data av høy kvalitet fordelt etter inntekt, kjønn, alder, rase, etnisitet, migrasjonsstatus, funksjonsevne, geografisk plassering og andre kjennetegn som er relevante i nasjonal sammenheng
17.19 Innen 2030 bygge videre på eksisterende initiativer for å utarbeide metoder for å måle den framgangen som gjøres i retning av bærekraftig utvikling, og som utfyller bruttonasjonalproduktet, samt støtte utviklingslandenes kapasitetsoppbygging på statistikkområdet